mandag, desember 14, 2009

besøk frå Norge






Plutseleg kom tida då eg skulle få besøk! har tenkt så lenge på at det er kjempelenge til, men så var han her; min kjære bor Åsgeir kom og besøkte meg! Stor stas å få vise han noko av det eg driv på med om dagane, og kanskje gi han ein forståelse av kvifor eg er så glad i Bolivia.

torsdag, desember 03, 2009

Hugsar du.....?

Eit spørsmål; Hugsar du kva du fekk til jul i fjor?
Eg veit om ei dame som hugsar det veldig godt! ho fekk nemleg vannkrane og dermed reint vatn.
Vil du vere med å hjelpe til så andre også kan få vatn?
Vi i Norge har så mykje! Vi slit ofte med å komme på kva vi treng og ynskjer oss til jul, og det er også vanskeleg å finne noko å gi til andre.
Vannkrane er ei perfekt julegåve!! Du kan velge om du har lyst å gi ein heil eller halv krane!

Dama på filmen har eg vore på besøk hos! ho var veldig fornøgd med den hjelpa ho hadde fått av Misjonsalliansen! Ver med å hjelpe du også!! :) Eg vil gjerne selje deg ein krane eller tre=)

tirsdag, desember 01, 2009

Arica og digge livet

Reiste til Arica frå Santiago. Eg kom ei god stund før Maria og Caryl, som skulle komme med buss, så eg sosa litt rundt og så sette eg meg på busstasjonen med heklinga mi og venta på dei. Prata litt med nokon bussjåførar som synes det var veldig interessant at eg sat på stasjonen og hekla! kan vel igrunn forstå det.Endeleg kom dei to som eg venta på, så var det tipp topp! Vi stakk og bada.
Caryl såg sjøen for første gong i livet sitt. Det er spesielt for ein som er 26år! Vi kosa oss, og så tok vi ein roleg kveld. Alle tre var igrunn slitne.. Vi overnatta på eit hostall som heiter Sunny Days. Det var skikkeleg koseleg plass.
Når vi sat og åt ein skikkeleg god frukost på hostallet, kom det inn to stk som eg hadde sett før. Plutseleg kom eg på det; det var Richard og Jenny som eg traff i Potosi! Han er frå New Zealand og ho er norsk. Desse hang vi ein del med. Veldig trivelege folk!
Bada og åt og så gjekk vi til busstasjonen for å hente fleire venner. Joey og Annalisa kom. vart det meir bading=) Eg vart ganske brent. Men sånn er det når ein ikkje har høg nok faktor på solkremen. På kvelden åt vi på McDonalds og så var vi på stranda med ein gjeng og brente bål og sov under open himmel. Det var ganske kaldt, men fint også.
Neste dag stakk vi først og såg på når nokre folk surfa.
Seinare fekk vi også prøve. Det var skikkeleg kjekt! Kosa oss heile dagen ute i sola og i sjøen. Om kvelden åt vi kylling, og til dessert hadde vi ulike kaker som vi kjøpte på eit bakeri.
Så stakk vi opp til eit fjell som heiter El Morro saman med Richard og Jenny. Der kunne vi sjå utover heile byen og sjøen. Planen var å sjå sola gå i havet, men litt mykje skyer gjorde det vanskeleg. Det var fint likevel.
Gjekk ned igjen og sette oss på ein utestad og drøsa. Annalisa måtte reise heim om natta. Så medan eg la meg og sov, vart dei andre med henne til bussen.
I går var sola sterkare enn alle dei andre dagane trur eg. Det gjorde at eg tok livet med ro på hostallet saman med Richard, Jenny og Caryl til den ikkje var på det verste.
Synes eg var nok solbrent, så eg beit tennene saman og vart inne til utpå ettermiddagen. gjekk vi fire ned til stranda og bada og kosa oss. Fekk til litt bodysurfing også! Det var moro!
Om kvelden stakk vi til sentrum og åt hot dog (tidenes største)! Der fekk vi også underhaldning til maten; ei gruppe med "kjarango", gitar og fløyte. Moro det!
tusla vi litt rundt, henta sakene våre, stakk på stranda ein siste gong, før vi reiste heim... Ei lang natt på buss.....
Herleg tur! vi er så takknemlege for vennskapa våre, naturen og at vi fekk gjort dette!

Argaste Vargas!!!

Endeleg fekk eg reise til Chile på besøk til Victor som gjekk på fhs når eg var der. Det var utruleg triveleg! Eg kom om kvelden, og då vart eg møtt på flyplassen i Santiago av Victor og dama. Reiste ut og åt litt mat før det var kvelden. Vi var ganske slitne alle saman.
Tirsdag gjekk vi for å utforske Santiago, hovudstaden i Chile, som har rundt 6mil innbyggarar. Stakk opp på eit fort der vi fekk sjå utover heile byen.
Etterpå gjekk vi for å besøkje huset til presidenten, men dei var opptekne med møter heile veka, så det var stengt... Fekk sjå utanpå då. Det var flott!
Ut på ettermiddagen tok vi buss utover mot havet, nesten Viña del Mar, der vi overnatta hos nokon venner av Victor. Koselige folk! Vart kveldsmat og roleg der, før det var natta. Det tek på å vere turist! Var heilt utslått eg...
Onsdag hadde Victor bursdag, så vi reiste til der mora og ei søster bor. Der åt vi lunch, og utpå ettermiddagen kom heile søskenflokken med følge!! Då vart det kake og fest. Etter det hadde glidd ned, reiste vi tilbake der vi overnatta.
Torsdag reiste vi til Valparaiso og Viña del Mar. Nydelege byar! I Valparaiso åt vi lunch i eit typisk hus der. Vi åt fisk. Det var nydeleg!!!
Vi hoppa av ved ei stilig klokke på vei inn til Viña. Så gjekk vi langs stranda inn til byen. Det var utruleg fint. Varmt og godt og veldig sterk sol. Vi åt is og verkeleg ferierte!
Ut på kvelden måtte vi ta buss tilbake til Santiago. Flyet mitt til Arica gjekk nemleg kl7 om morgonen, så då var det greit å ha kortast mogleg vei.
Nydeleg veke saman med Victor og Oksana (dama som er frå Russland og er 7mnd på vei). Det er verkeleg verdt å reise på besøk til dei ein kjenner når ein er soppas nærme!

søndag, november 22, 2009

Cochabamba

Tok ein snartur til Cochabamba! Fekk moglegehita, og då var det berre å give seg på bussen etter arbeid=) Synes det kunne vere ekstra kjekt å sjå denne byen fordi ei venninne av meg har bodd der i mange år.
Første kvelden (torsdag) var det berre roleg med Menchos (pølser) og prating med familien og venner til kameraten min som eg besøkte.
Neste dag var planen litt forskjellig, men det enda opp med at vi tok turen opp til kristusstatua som var enorm!! 42,4m! følte meg ikkje særleg høg ved den, nei.
Elles traska vi rundt i byen for at eg skulle få sjå det meste, nytte varmen, åt lunch, slappa av...
Cochabamba er ein fin by med ca 700.000 innbyggarar.
Neste dag, tidleg på morgonen, fann vi (eg, kameraten min og søskenbarnet) ein buss og sette nasen i retning La Paz igjen. Kjekt å ha selskap på bussen =)

lørdag, november 14, 2009

Skopussarane

Heng mykje med skopussarvennene mine for tida! Det er så triveleg! Dei er heilt unike. Eg synes det er så urettferdig at dei må gå med maske på for å ikkje bli diskriminert av studiekameratane sine. Eg har blitt veldig glad i dei.
Her om dagen hadde eg litt engelskundervisning med ein. Det er veldig stas. Så pussar han litt sko, så pratar eg med den som blir pussa og så har vi det så kjekt :)

tirsdag, november 10, 2009

Sucre og Potosi

Ut på tur igjen=) Denne gongen gjekk turen til Sucre og Potosi. Sistnemde var byen eg verkeleg angra på at eg ikkje besøkte sist eg var i Bolivia. Endeleg fekk vi ordna oss med tur!

Etter 12t på buss, var det svært godt å vere framme. Sucre er hovedstaden i Bolivia er det sagt. Nokon seier det er La Paz. Blir aldri klok på dette. Uansett skal det vere den vakraste byen i Bolivia.

Den var i allfall stilfull! Kvite bygningar kvar du såg det om!
Dagen i Sucre brukte vi på å sjå oss litt rundt, ete og besøkje eit dinosaurmuseum.
Etter vi hadde ete middag, tok vi med oss restane som eg gav til ei dame som gjekk og tigga. Ho vart veldig glad og sette seg ned for å ete med ein gong! Det var litt vanskeleg å forstå kva ho sa, for ho var heilt tannlaus og så snakka ho ketchua! På kvelden tok vi trufi til Potosi, som ligg 3-4t mot La Paz. Digg å sitte i bil litt til etter ei natt på buss =)

Heldigvis fekk vi ordna oss med ein plass å bo når vi kom fram om kvelden. Eg var heilt skutt, så eg sovna på ein blunk når eg fekk lagt meg.
Dagen etter var vi klare for gruvetur. Det ser ut til å bli ei av mine topp 3 opplevingar her i Bolivia! Inntrykka kjem nok til å sitte djupt etter dette besøket. Før vi køyrde opp til inngangen, var vi og handla dynamitt (kanskje once in a lifetime!?), kokablad, brus og alkohol til arbeidarane som vi skulle møte.
Vi gjekk ca 75m ned og kanskje 3km innover i fjellet som heiter Cerro Rico.
Dette fjellet er det som folket i Potosi hatar, men samtidig elskar mest! Fjellet som gir sølv og samtidig tek så mange liv og er heilt forferdeleg å jobbe i. Når vi kom innover, møtte vi stadig på folk som jobba. Eg skjønar godt at denne lufta øydelegg helsa til folk som går det kvar dag. Det var heilt forferdeleg å puste der.
Vi stoppa og prata med ein del av arbeidarane. Dei vart glade for det vi gav dei.
På veg tilbake fekk vi sjå El Tio. Det er guden dei har inne i fjellet, som dei tilber. Vi vart fortalt at Gud er så langt borte for dei når dei er inne i fjellet. Dei er på ein måte nærare djevelen, så dette blir på ein slags djevel. Skapningen var ikkje særleg fin.
Vi stoppa og prata med nokon karar som sat inne i ei krå og hadde pause. Der vart vi setande ei lang stund. Tida gjekk og vi trudde vi skulle ut igjen snart. Men både guiden og arbeidarane hadde god tid, så vi vart setande å drøse ganske lenge. Når vi skulle gå, viste det seg at vi måtte vente på nokon vogner med stein. Vi trudde det berre var eit par igjen, då dei fortalde at det var fem igjen! Arbeidarane vart litt tullete etter litt for mykje innanbords, så det vart veldig komisk. Nokon av oss vart litt lei, men det var moro!
Fekk ikkje mykje tid til å sjekke ut Potosi, men det får heller bli ein annan gong. Vi åt mat, traska rundt, åt dessert, og så var det tid for å reise til bussen... Herleg helg!

lørdag, oktober 31, 2009

Luftig!!

Svært så ivrig eg (og delvis Maria) skulle bli til å blogge for tida!!


LAURDAG MORGON
I dag fekk eg tidenes luftigaste oppleving her i Bolivia! Ein kamerat fekk fiksa paragliding for meg! Det var utruleg fint og kult! Vi var kjempeheldige med veret og vinden også. Vi starta på 4200moh, flaug i nesten ein time, og 12km lenger borte og 1300m lenger nede landa vi i ein liten landsby der vi blei møtt av mange engasjerte born!
Det var ikkje feil dette på ein laurdagsmorgon =)


Ny vri.


Vårt kjære band,våre flotte venner har atter en gang vært på TV!! Men denne gangen slår VI virkelig til. Vi har invitert dem hjem til casan på to hjemmelagede PIZZAER. Ja,vi er blodfan....

The Happy Nobodies

Vennene våre her i Bolivia er så flinke!!! I forgårs var dei på tv også!! Vi var så heldige å få være med å ferie dem. Etter showet stakk vi til sentrum, 7stk i ei lita boble, og åt ein betre middag. Stor stas! Sjølv om dei kanskje ikkje er så kjente enda, så er vi veldig glade i dei.
Her er vi med nokon av bandmedlemmene =) sjååå kor kjekt vi har det :D
..... falta Phil and Mike........